familie

På Hakallegarden kan du sanse livet på landet.
Heile året kan store og små leggje helgaturen til den flotte Hakallestranda, bli betre kjent med dei firbeinte, ta ein matbit i den koselege kafèen, kjøpe fargerike interiørprodukt og silkemjuke alpakkasokkar. I tunet rulsar dyra rundt ilag med gjestane, medan Gråtass og hestane tek ungane med på tur. Og pass på svela di! Høna Tante Brun elsker slike godsaker, og stussar ikkje i å rappe til seg ei i ny og ne - om ikkje du deler då :-)
På varme sommardagar er turen kort mellom Hakallegarden og den innbydande langstrekte sandstranda på Sandviksanden. Då er Hakallegarden open kvar dag, og ellers også i feriar og høgtider.
Enkelbill barn.: kr 100,- ( frå 2-16 år)
Enkelbill vaksen.: kr 50,- (frå 16 år)
Årskort barn: kr 250,-
Årskort vaksen: kr 150,-
Årskort familie: kr 650,- (gjeld foreldre og barn, evt. besteforeldre og barnebarn)

