
Gardsfolket og dyra ynskjer alle VELKOMNE TIL GARDS
OPNINGSTIDER
Tidsrom: 4.juli - 9. august
Dagar: onsdag - søndag
Klokka: 12 - 18
PRISAR
Barn under 2 år: Gratis
Barn/vaksen: kr 120,-
Billettar må førehandsbestillast:
https://www.booking.rundecentre.no/no/activity/298045/bilettar-til-hakallegarden
Har du ikkje billett, sjekk i inngangen om gjestar har gått og vi ta imot deg.
Årskort: Grunna situasjonen, har vi ikkje mulegheit til å selge fleire årskort denne sesongen.
Du som har årskort kan møte opp direkte og registrere deg og familia di i inngangen.
SLIK KJEM DU TIL HAKALLEGARDEN:
Via Larsnes:
Ferge frå Larsnes til Åram, sjå fergerute her.
Larsnesferga går annankvar time, så må du vente, køyr vidare til Årvik. Det tek 5 minutt, og ferga går stort sett kvar halvtime. Når du køyrer av ferga, køyrer du til høgre ved kyrkja, og ca 7 km. Då ser du Hakallegarden. Velkomen!
Ferge frå Årvik til Koparnes, sjå fergerute her.
Sving opp til høgre med det same du køyrer av ferga. Det tek 20-25 min å køyre til Hakallegarden. Berre køyr rett fram, så finn du oss :-) .
Via Lauvstad:
Køyr gjennom Rovde, Syvde, og heilt tril krysset på Eidså. Der tek du til venstre, retning Måløy/Fiskå. Køyr over eidet, til du kjem til skilt som peikar mot Fiskå/Åram. Ta til høgre i det krysset, og køyr i ca 15. minutt, så finn du oss :-)
Frå sør:
Når du nærmar deg Fiskå, passerer du ein bensinstasjon. Ikkje lenge etter kjem du til krysset der du tek av til Fiskå/Åram. Ta til venstre i det krysset, og køyr i ca 15. minutt, så finn du oss :-)